"Den Fela er nok frå ca 1915. Den er ei typisk Sandland fele, fint arbeid, perlemor belagt både lok, botn, halsen og brett, litt mørk i fargen, rosinga er tradisjonell, småfin er b ...
"Den Fela er nok frå ca 1915. Den er ei typisk Sandland fele, fint arbeid, perlemor belagt både lok, botn, halsen og brett, litt mørk i fargen, rosinga er tradisjonell, småfin er bra. Nils brukte den mykje til dansespel, bryllups spel rundtom og heima. Han spela til dans i lag med broren Gunnar, Ole i Neset, Lars Ulgenes og fleir. Ei "ulukke" sette sprikker i botnen og øvre del på skrukassen. Under reparasjon vart lappen i botnen vekke. Dette meiner vi har skjedd ein gong etter krigen. Det vart laga ny botn uten navnelapp, heilt anna fargebeis og amatørmessig rosing. Det var ein kasse med restar som sonen Gunnar Gjerde kom med til meg for mange år sidan. I samråd med familien vert det beslutta og setja denne botnen i stand og montera den tilbake på fela. Botnen er limt, det er lagt inn ei bot i midten og sprikker er forsegla inni. Det er laga og montert 65 nye perlemor runt kanten på botnen.
Fela er no tilnærma slik ho var opprinnelig. Ny stol og lydpinn er ett på. Ho har ikkje finstillar som var vanlig på den tid. Lydmessig veit vi ikkje korleis ho var, men ho fungerar godt med den opprinnelige botnen".
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».