Anna Mathisen
Anna Mathisen Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Anna Mathisen (1881 - 1966)

f. Hovde, kvinneaktivist og næringsdrivande sosialist.

Anna kjempa for eit nytt og rettferdig samfunn der kvinnene både tok ansvar og hadde rettar. Ho trudde på likeverd for alle og frigjering for arbeidarklassen. Ho var politisk aktiv på mange felt. Det same var fleire andre i Hovdefamilien.

I ettertid har Anna Mathisen fått ein nesten legendarisk status i Odda fordi ho ein gong oppfordra medsøstrene sine til sex-nekt når dei kom heim frå møte. Men det var spesielt i arbeidet med å gje barn- og unge gode fritidstilbod at ho gav alt.

Odda - eit laboratorium

På dei nye store industristadane Notodden, Rjukan og Odda, kunne nye familieforhold, idéal og normer prøvast ut. Det var viktig med nye felles løysingar og offentlege tiltak. Moderne skular, sjukehus, bibliotek, folkebad og helsetilbod måtte byggjast opp. Organisasjonar med mange medlemer blei sterke pressgrupper. Odda og likande stader blei moderne samfunn og fekk innført fellesgoder og kommunale tenester lenge før bygdene rundt.

Hjartesaker

Anna hadde to hovudinteresser; politikken og litteraturen. Kvinneforeininga i Odda arbeiderparti oppretta utlånsbibliotek for medlemene og Anna hadde ansvar for det saman med ei anna kvinne. Ho oppfordra andre til å lesa og gjorde mykje for å leggja til rette for det. Ho rodde til og med til veglause stader for å låna ut bøker er det fortalt.

Arbeidarkvinna sine kår var ei av hjartesakene hennar. Ho såg at kvinner var ei utsett gruppe med svak økonomi og store ungeflokkar, ofte mot sin vilje. Ein gong reiste ho seg opp på møtet i kvinneforeininga og talte: Når dere forlater møtesalen, så skal dere gå hjem og nekte å ligge med mennen deres, sa ho. Og dei så gjorde. Mennene blei jo sinte og etter diskusjon gjekk dei i demonstrasjonstog. Anna sto i vindauget og såg på dei. Seinare sa ho:

Jeg måtte jo se hvem som gikk i toget.

Politisk aktiv

Anna var ein svært aktiv medlem i Odda Arbeiderparti og Odda Arbeiderpartis Kvinneforening. Partiet var etablert i 1909 og kvinneforeininga i 1910. Her arbeidde ho saman med Cecilie og Ottilie Slåttelid og mange andre. Ho var vald inn som kommunestyre-representant frå 1923. I to periodar før var Dina Langva Odda arbeiderparti sin første kvinnelege representant i kommunestyret. Ho var den første kvinna i Odda kommunestyre, frå 1917 - 1919 og frå 1920 ut 1922. Dina og Anna ivra for at kvinnene måtte bruka stemmeretten sin og dreiv aktiv opplæring. Då partiet delte seg mellom kommunistar og sosialdemokratar i 1923, gjekk Anna med det sosialdemokratiske mindretalet og danna Odda herreds arbeiderparti og Odda forenede arbeiderpartis kvinneforening, seinare Odda Arbeiderkvinnelag.

I 1923 arrangerte Odda Arbeiderpartis Kvinneforening ein stor kvinnekonferanse for Bergen og Hordaland i Odda. Tema var omlegging av kvinnearbeidet og skulering av kvinnene til politiske verv. Målet var klart: Kvinnene sine oppgåver var først og fremst i heimen, men dei skulle og måtte ta politisk ansvar som mennene. I Odda og Tyssedal var mange kvinner opptatt av politikk, men det var likevel berre eit mindretal som var aktive i dei politiske organisasjonane.

Kvinnevelferd

Morspensjon (barnetrygd) og abort sto på dagordenen på 1920- og 1930-talet. Odda forenede arbeiderparti si kvinnegruppe og Odda husmorlag arrangerte opne møte. Temaet var i tida og det kom foredragshaldar frå Oslo. Takk vera det store politiske engasjementet i organisasjonane, var Odda like langt framme som dei større byane i mange saker. Målet var å oppretta eit kontor der gifte kvinner kunne få opplysning om prevensjon og barnestell. Sjølv om dette var retta mot gifte kvinner, provoserte saka sterkt. Mange meinte prevensjon oppfordra til umoral. Andre lika ikkje at kvinnene fekk rett til å bestemma over eigen seksualitet. Anna Mathisen blei pådrivar og formann i mødrehygienekomitéen i 1932 og seinare var ho leiar i styret for kontoret "i ein mannsalder". Ho måtte tola mykje kritikk for den innsatsen, men fekk også takk frå mange.

I politikken engasjerte ho seg elles i omsorgsoppgåver og praktiske saker. Ho arbeidde for oppretting av aldersheim, folketannrøkt og offentleg skulemat. Ho og dei andre arbeidarkvinnene sto på for barne- og ungdomsarbeid med drift av sosialistisk barne- og ungdomslag og etableringa av Odda Ungdomskorps. Når barna og dei gamle blei tatt vare på, fekk kvinnene betre forhold òg.

Politisk engasjert innflyttar-familie

Mange flinke og radikale personar kom til Odda frå 1906 og utover. Anna var del av Hovde-familien som flytta til Odda. Dei første kom i 1907. Dei var glade i bøker og glade i å synge. Anna vaks opp i eit politisk miljø i Vardø, Finnmark. Deretter var ho i USA før Odda. Den eine broren, Anianus Edvard Hovde (1875 - 1915) var den første som representerte Odda Arbeiderparti i kommunestyret frå 1913 då Odda blei eigen kommune. I Folketellinga frå 1910 er Anna registrert med yrke husmor / arbeiderkone, men ho og mannen Johan Mathisen (1875 - 1962) som kom frå Senja, dreiv fiskehandel i ei lita bu i Brotateigen. Dei var altså sjølvstendig næringsdrivande i liten skala. Dei leigde bustad i Hovlandhuset og i Kremarvegen.

Også svigerinner og andre i Hovdefamilien var med i politisk arbeid på sosialistisk side og arbeidde for kooperasjonen (samvirkeleget). Familien hadde det ofte kjekt saman og dei ivra for song, dans, litteratur og teater i tillegg til dei tunge politiske sakene. Også borna som var med i Framlaget fekk glede av dette. Anna spela lutt og gitar til songen. Og dei las folkeeventyr og tekstar av Bjørnstjerne Bjørnson.

Anna var verkeleg ein pionér og ei av eldsjelene i det politiske arbeidet i Odda. Ho såg litt bisk ut og stakk seg aldri fram. Men ho hadde humor og langsiktige perspektiv og bruka fritida si for at andre skulle få det betre. Ho døydde 85 år gammal.

Kjelder

Hilde Danielsen: Dei moderne kvinnene i Odda. Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum, 2000.

Intervju med Inger Hovde Sivertsen, 1987, band 121. Lydarkiv ved Kraftmuseet.

Arkiv OLA/120 Odda Arbeiderpartis Kvinneforening, ved Kraftmuseet i Tyssedal

Aslaug Hovde Boger: Arbeiderkvinnekår i Odda og Tyssedal. I Dei finaste band. Odda Industristadmuseum 1989.

Olav Kolltveit: Odda, Ullensvang, Kinsarvik i gamal og ny tid. B 3:1 1967.

Kommunearkivet, Odda kommune ved arkivleiar Turid Nå.

Digitalarkivet: Folketelling 1910.

Share to