Ekteparet Slåttelid
Ekteparet Slåttelid Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Cecilie Slåttelid (1872 - 1944)

Ei allsidig og engasjert kommunistkvinne. Cecilie sitt overordna mål var eit nytt og rettferdig samfunn der arbeiderklassen var frigjort frå den kapitalistiske undertrykkinga. Ho hadde følt fattigdom på kroppen og fekk tru på kommunismen som politisk ideal. Trua og engasjementet hadde ho heile livet og ho delte innstillinga med dei andre i familien. Ho var ein politisk pionér, og svært aktiv i organisasjonslivet.

Cecilie opplevde tidleg at mora blei enke og måtte forsørga fem barn. Ho fekk difor berre sju års skulegang og vart barnearbeidar på Stend spinneri. Ho erfarte at medan dei arbeidde lange dagar og stadig var like fattige, så levde fabrikkeigaren og familien hans godt. Ho fekk eit slags hat i seg, blei opprørsk innstilt og fekk seinare ei levande tru på kommunismen som frelse for alle undertrykte samfunnslag. Cecilie tok den politiske ideologien på alvor i kvardagen og levde som ho trudde. Ho tok ansvar og vart eit førebilete for mange i det nye Odda.

Frå Bergen til Odda

Mange flinke og radikale personar kom til Odda frå 1906 og utover. Cecilie og mannen Ole Slåttelid (1861 - 1938) kom hit frå Bergen, der dei hadde teke del i det politisk radikale miljøet. Då hadde dei fem born. Seinare fekk dei tre til. Cecilie er oppført som husmor og arbeiderkone i folketeljinga frå 1910 og familien budde i arbeidarbustad i Dalen (Eidesdalen). Ole kom hit som kaibyggjar, men i 1910 var han smeltar på karbid-fabrikken. Han var klok, samarbeidsorientert og politisk engasjert.

Ung, radikal befolkning

På 1920-talet meinte over 40 % av folk i Odda og Tyssedal at det måtte ein revolusjon til for å få slutt på urettferdige samfunnsforhold (Skagen 1996.) Berre ved å gje arbeidarane og bøndene meir makt kunne alle bli frie og likeverdige. Kommunistane meinte at det måtte ei omvelting til i samfunnet. Dei ville byggja eit nytt samfunn og henta idéar frå Sovjetunionen, det radikale miljøet i Tyskland og frå ulike ideologar. I Tyssedal gjekk mange i tog med parolen "Vi vil have innførelse av Sovjetrepublik! Leve kommunismen!

Hjartesaker for Cecilie

Cecilie var sentral i Odda Arbeiderparti (stifta 1909). Odda Arbeiderpartis kvinneforenig (1910-24) og Odda Husmorlag (1924). Ho hadde mange verv, var utsending til landsmøtet i Arbeidarpartiet i 1923 og var medstiftar av Norges Kommunistiske Parti (NKP). Cecilie engasjerte seg også i korleis omsorgsoppgåver kunne løysast kollektivt. Ho arbeidde for oppretting av aldersheim i Odda (ferdig 1928), innføring av folketannrøkt, offentleg skulemat og oppretting av mødrehygienekontor som opna i 1932. Det siste var ein forløpar for helsestasjon for mor og barn. Innan barne- og ungdomsarbeid var ho mellom anna med og etablerte Odda Ungdomskorps og skaffa instrument. Cecilie og mannen Ole støtta og oppmuntra kvarandre i den revolusjonære kampen. Ei av hjartesakene hans var skule og utdanning for alle. Økonomi hadde hindra han i å få utdanning. Men han visste at gjennom utdanning kan mennesket frigjera seg.

Politisk skulering fekk fleire til å bruka stemmeretten

Få kvinner var i lønna arbeid. Ingen kvinner i Odda var med i fagforeiningar for 100 år sidan. Men fagforeininga Odda Arbeiderforening vedtok alt i 1915 at kvinnene kunne gå på møte saman med mennene sine. Kvinnene i Odda fekk slik eit tilbod om politisk trening. Uvanleg mange kvinner stemte i Odda ved stortingsvalet i 1915 og seinare. Odda Arbeiderpartis Kvinneforening arrangerte i 1923 kvinnekonferanse og konkluderte med at "den første bevisste fortropp" var skulert. Cecilie og Ole lærte borna å ta politisk ansvar. Dottera Ottilie var lenge representant for NKP i kommunestyret. Sonen Harald var radaktør av Hardanger Arbeiderblad, dottera Dagfrid var agitator for kommunistpartiet sentralt og sonen Johan var mellom anna ordførar i Odda like etter 2. verdskrigen.

Kvinnekamp og klassekamp

Kommunist-kvinnene understreka at dei dreiv klassekamp saman med menn heller enn kvinnekamp mot menn. Kommunistpartiet ville ikkje ha eigen kvinneorganisasjon. Men kvinnene ville likevel ha eit eige forum å arbeida i. Løysinga blei sjølvstendige husmorlag med ei laus tilknyting til NKP. Husmorlaga var ikkje kvinnesaksgrupper og heller ikkje som borgarlege husmorlag. Dei hadde skulerte leiarar og arbeidde målretta for praktiske og offentlege forbetringar i kvardagslivet. Slik var dei ei pressgruppe. Dei kjempa for å auka forsorgsbidrag (trygd) og for å få i gang nødsarbeid i krisetider. Dei såg ikkje på fattigdom og vilkår for familiane som private saker, slik dei borgarlege ofte gjorde.

Odda Husmorlag

På stiftingsmøtet 14. april 1924 heldt Cecilie fordrag med tittelen Hvad er husmoren? Ho sa mellom anna: Skal et menneske bestå må det ut og samle nye inntrykk og styrke seg til det daglige strev, og derfor har de organiserte arbeiderkvinner i by og land tatt opp dannelse av husmorlag for å se på tingene som de er og samsnakke om der er noget som kan rettes på. Husmorlaget tilbaud på denne måten eit alternativ til det dominerande kvinneidealet og gjorde mange i stand til å sjå livet og samfunnet med nye auger.

Kvinneaviser

Cecilie skreiv innlegg og dikt i den lokale handskrivne avisa Husmoren og i den agiterande kvinneavisa Gnisten som kom ut på landsbasis til alle dei kommunistiske husmorlaga frå 1925. Her blei kvinnene minna om slagordet frå Stalin: Gjør veien fri for proletar- og bondekvinnen, som sammen med den kommunistiske Internasjonale bygger op et nytt liv.

Sagt om Cecilie

I praktisk talt alle tiltak som er gjort av arbeiderne i Odda har kamerat Slåttelid hele tiden vært en av de førende kamerater helt siden 1910. Å regne opp alle tillitsverv vilde ta altfor stor plass. Men de er alle bevis for den tillit som arbeiderne i Odda har til henne. Dette skreiv Hardanger Arbeiderblad til 60-årsdagen hennar 19. september 1932. - Ei verdig oppsummering for ei engasjert pionérkvinne.

Kjelder

Hilde Danielsen: Dei moderne kvinnene i Odda. Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum, 2000.

Hilde Danielsen: Med kommunistiske visjonar for det gode liv. - Cecilie Slåttelid 1872 -1944. I Oddingar har skrive. Odda Mållag 2006.

Arkiv OLA/120 Odda Arbeiderpartis Kvinneforening, ved Kraftmuseet i Tyssedal

Digitalarkivet: Folketellinga 1910.

Share to